Tjenester
Lønnshandtering
Vi tek ansvar for heile lønnsprosessen – frå lønnsutrekning til rapportering og innlevering. Dette gir tryggleik for både arbeidsgivar og tilsette, og sikrar god etterleving av regelverket.
- Korrekte utbetalingar
- Full etterleving av regelverket
- Skalerbar lønnsstøtte
Om tjenesten
Lønn treng ikkje vere komplisert – vi tek ansvar for heile prosessen.
Vi tek hand om alt frå lønnsutrekning til rapportering og innlevering. Econ Sunnfjord sikrar at lønn blir korrekt utbetalt til rett tid, og at rapportering til styresmaktene skjer i samsvar med regelverket.
Lønnshandtering krev presisjon, struktur og god oversikt over gjeldande regelverk. Hos Econ Sunnfjord tilbyr vi heilskaplege lønnstenester som er tilpassa verksemda sine behov – anten du har få eller mange tilsette.
Vi handterer lønnsutbetalingar, a-melding, feriepengar og oppfølging av lover og reglar, slik at du kan vere trygg på at alt blir gjort rett – og ha meir tid til å fokusere på kjerneverksemda.
Kom i gang i dag
La oss ta bedriften din til neste nivå med Econ Sunnfjord
Tjenester
Se andre tjenester
Rekneskapstenester
Vi handterer den løpande bokføringa og rapporteringa for verksemda di, og sørgjer for at talmaterialet til ei kvar tid er korrekt og oppdatert. Du får god oversikt og eit trygt grunnlag for vidare drift.
Årsrekneskap
Vi utarbeider årsrekneskap og tilhøyrande dokumentasjon i samsvar med gjeldande regelverk. Med oss får du ein ryddig prosess, høg kvalitet og god dialog gjennom heile året.
Skattetenester
Vi hjelper deg med skatteberekningar, innleveringar og planlegging, slik at du får best mogleg oversikt og kan ta gode val for verksemda di.
